English

Svartevatnet

Fjord

Kort om turen

Turen går inn i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Området kom på Unesco si verdsarvliste i 2005 som eit av dei vakraste fjordlandskapa på kloden. Turen byr på utsyn mot eit  høgt verdsett kulturlandskap kring Eidsvatnet. Godt fiskevatn.

Ruteskildring

Turen startar på rasteplassen på Eide. Her er det informasjonstavle og informasjon om turane i området. yrste del av turen går langs med vatnet på vestsida. Etter eit par hundre meter svingar du av mot vest. Ved den øvste hytta her går du over ei steinklopp og held fram på god rås oppover den bratte lisida. Råsa slynger seg oppover den breie ryggen. På kvar side av ryggen er det ei elv. Området er framleis ope, men etter at det vart slutt på geitehaldet på Eide, ser vi tydeleg at attgroinga er på sterk frammarsj.

Siste del av ruta opp mot turposten på Eidsheia følgjer den gamle telefonlina til Oaldsbygda. På Eidsheia har det lokale idrettslaget turpost.

Tilkomst og parkering

Følg fv. 63 frå Eidsdal sentrum og fram til Eidsvatnet, ca. 10 km. I nordvestenden av vatnet er det stor rasteplass med ope toalett i sommarhalvåret.
Fottur
Blå
Lengde
3,0 km en vei
Stigning
603 m
Tidsbruk
1,5 t. opp
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
1024 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3

Offentleg transport

Det er mogleg å ta buss til og frå Eide i Eidsdal, men det er få avgangar for dag. Sjekk ruta mellom Eidsdal og Geiranger på https://frammr.no/

Kart

Turkart for Norddal kommune.no
Køyreskildring
Print ut