English

Svartedalen i Bjørkedalen

Volda

Kort om turen

Turen til Svartedalen er ein familievenleg tur, men også eigna som rask trimtur eller ein fin kveldstur for å nyte kveldssola i Torane. Der er mykje fisk i vatnet og fleire fine plassar ein kan slå opp telt eller sette opp hengekøye. 

Ruteskildring

Startpunktet for stien er på Steinvadet, ved den støypte brua på vegen over Bjørkedalseidet. Stien er rydda og nymerka i 2020, og sjølv om stien ikkje er like tydeleg alle stader, så er her godt med raude merke. Stien følger ein naturleg rygg og trase i terrenget. Her er ganske tørt og fint terreng å gå i, men litt myrlendt somme stader. Siste delen er der mest stigning og best sti. Når ein kjem opp på kanten til Svartedalen, møter ein vatnet med èin gang og får fin utsikt både langs kanten og inn i dalen. 

Fortset ein turen 250m forbi utløpet av vatnet, kjem ein til ein haug der det ligg fleire imponerande kampesteinar. Desse blokkene er førte hit av isbreen og er flotte å klatre på for store og små.

For dei som ynskjer ein lenger tur, er Svartedalshornet (936 moh) på sørsida av vatnet ein overkomeleg fjelltur (på nokre kart er namnet Kvanndalshornet brukt). Der er ingen sti, men ein naturleg trase og god tilkomst langsetter ein rygg på nordvestsida, mot Svartedalsvatnet.  

Tilkomst og parkering

Ta av frå Rv651 i Søre Bjørkedal ved skilt mot Haugen. Køyr den kommunale vegen over Bjørkedalseidet sørvestover opp på fjellet. Etter ca 5km kjem ein til Steinvadet, som er startpunktet for turen. Der står skiltet ved ei kort betongbru i ein lang og bratt bakke. Best plass for parkering er på toppen av bakken, knapt 100m etter startpunktet.
Fottur
Grønn
Lengde
1,17 km en vei
Stigning
145 m
Tidsbruk
1 t. 0 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
517 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,2
Køyreskildring
Print ut