Turen er fin å gå heile året. Vinterstid er det oppkøyrd løyper til Taustua og Rollonhytta. Her kan ein få kjøpt forfriskningar på dei fleste «raude» dagar i året. Svanshornet 552 moh
Turen startar frå parkeringsplassen i nordenden av Mausavatnet. Første del er ein gardsveg som går over i ein grusa tursti opp til ei skibu. Ved skibua har ein to val, anten gå vidare rett fram eller ta av 90 grader til høgre og følgje lysløypa vidare. Dersom ein går rett fram, må ein ta av til høgre omlag 150 meter lenger framme (ved ei bru) og så møtest dei to stiane lenger oppe. Då er det berre å halde seg etter skiltinga vidare oppover. Frå parkeringsplassen på Eikrem tar det i underkant av 1 time til Taustua og Rollonhytta. Frå Rollonhytta følger du stien opp mot Vardane og tar av til høyre etter ca. 500 m. Herfra er det god stigning til Svanshornet (552m). Gangtid frå Rollonhytta til Svanshornet er om lag en halv time. Herfra er det bare 10 minutter gange retning øst ned til idylliske Purketjønna, med tre små hytter. Om man ønsker en rundtur kan man følgje rås frå Purketjønna og ned igjen til Rollonhytta. Stien går i delvis myrlendt terreng ca 300 meter etter Rollonhytta. Elles fin rås