English

Sunndalen - 346 m.o.h

Sykkylven

Kort om turen

Flott sykkeltur eller gåtur - også med barnevogn. Jamn og fin stigning eit stykke halvvegs på turen, ellers mykje lett kupert. Trillevenleg tur. Ved turkassa framme på Sunndalssætra er det eit stort fellesbeite. Vis hensyn til dyra. Også dyr langs vegen framover dalen generellt -  Husk bandtvang!

 

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen ved bommen er det ein fin tur etter god grusveg heilt fram til Sunndalen og sætrestølen der framme.

Tilkomst og parkering

Like vest for Sykkylven kyrkje,ved småbåthavna, tek du av mot Ramstaddalen. Køyr Dalevegen/FV73 til du kjem til Haugsetvegen. Her i frå følger du skilting Statnett; først Haugsetvegen, så Aurdalsvegen og så Sunndalsvegen. Følg denne skiltinga heilt til du kjem til ein bomveg "Sunndalsvegen". Fin parkeringsplass og flott å gå herifrå. Bomvegen er i god stand. Bompengar med Vipps. Flott sykkeltur heile vegen frå Ørsnes fergekai også om ein vil det. Ta av ved Ørsnes Hotell og sykle gamlevegen.
Fottur
Grønn
Lengde
3,67 km en vei
Stigning
107 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
326 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3,7

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps
Køyreskildring
Print ut