English

Straumsdalen - Langenesvatnet

Sykkylven

Kort om turen

Straumsdalen er ein stor dal med spredt furuskog som går over til opne myrområder over skoggrensa og endar i Langenesvatnet i sør. Det er grusa veg gjennom heile dalen og fram til vatnet som ligg langt og smalt mellom alpine tinderekker. Langenesvatnet kan anten vere turstart eller turmål.

Ruteskildring

Det er mange turmoglegheiter i Straumsdalen. Dette turforslaget tek utangspunkt i parkering ved Brune og sykkel fram til Langenesvatnet. Det er mykje beitedyr i dalen og det er viktig å ta omsyn til desse både når du køyrer,syklar eller går.

Brune er kartnamnet på eit eid og myrområde der ein tidlegare har skore torv til brensel. Det var sett opp grindløer i området til å tørke torva før ein tok den med ned til gardane. Grindløa på Bruna er sett opp på dugnad av Straumsdalen grunneigarlag etter mal frå desse torvløene. Grindløa er open med tilgjengeleg bålpanne og benkar med bord. Nyttar du grindløa er det flott om du kan støtte dugnadsarbeidet til grunneigarlaget med Vipps.

Frå Brune syklar du grusvegen sørover. Straumshornet kneisar opp i vest og tinderekka til Hammarsettindane flottar seg i aust. Grusvegen har slak nedoverbakke sørover og du passer fort forbi foten av Straumshornet. Nede i dalen vert vegen  slakare og småkupert. Etter at du passerer brua vert det ein kort bratt bakke opp før vegen igjen slakar ut ned mot Langenessætra og Langenesvatnet. Frå Brune til vatnet er det omlag 2,8 km ein veg. Ved Osen ved vatnet er det flott å ta ei pause og lunsj før ein syklar tilbake same veg.

Tilbake på Brune kan du ta ein lengre lunsj ved bålpanna på grindløa. Medan du er i området bør du ta turen innom gamlesætra på Hindaholen med flott utsyn over dalen og heida.

Ynskjer du å sykle lenger og ein del tyngre kan du parkere nede ved Skålholtbrua, eller heilt nede ved starten av bomvegen. Med utgangspunkt på Skålholtbrua (ca 195 moh) startar turen med ein god motbakke på ca 180 høgdemeter opp til Brune (378 moh).

Det er tilrettlagt parkering ved Langenessætra og du kan ta sykkelturen motsatt veg. Du kan også gå langs vatnet på sti til Langeneset og vidare til Botnen, som er vassenden i sør med ei fin strand. Straumsdalen grunneigarlag har sett opp toalett både ved Osen, Langeneset og Botnen.

Om du vil til topps er det fleire luftige toppturar å velje mellom.

Tilkomst og parkering

Frå Sykkylvsvegen kan du ta av frå sør eller nord ved Blindheim. Kjem du frå nord tek du av på Vik og køyrer sørover langs Kyrkjevegen. Køyr forbi Vikeelva og ta til venstre opp Blindheimsvegen. Blindheimsvegen går over til Skålholtvegen som du fylgjer til bommen og vidare innover og oppover dalen. Det er fleire mogleg parkeringsplassar som utgangspunkt for turar. Men hugs å omsyn til nyttetransport for grunneigarane, beitedyr og elles for andre turgåarar.
Sykkeltur
Grønn Landevei
Lengde
2,80 km en vei
Stigning
50 m
Tidsbruk
30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
385 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 5,6

Anna

Det er mange turmoglegheiter i Blindheimsdalen og Straumsdalen. Blindheim grunneigarlag og Straumsdalen grunneigarlag har gjort, og gjer mykje for å legge til rette for friluftsliv. Gjer vel og støtt dette dugnadsarbeidet med Vipps om du nyttar fasilitetane som dei har opparbeida. Hugs å vise omsyn til beitedyr og nyttetransport for grunneigarane.

Lenke til turskildring

Betalingsmiddel for bomvei

Visa
Køyreskildring
Print ut