Turen til Strandasetra følgjer først skogsvegen som går oppover til Sjøasetervatnet. Denne er skikkeleg bratt, men har til gjengjeld mange flott utsiktspunkt. Det er også ganske tett mellom rastebenkar oppover. Ved turmålet ventar verneverdige, gamle seterbygningar og ein flott utsikt utover fjorden.
Gå oppetter langs skogsvegen. Vegen er bratt, men med jamne mellomrom er det benkar å kvile på, viss det skulle trengast. Det er også skilt med stadnamn langs ruta. Etter 2,2 km er stien mot Strandasetra skilta på høgre side av vegen. Ta inn på stien, og du finn setra etter ca. 100-200 meter.
Køyr gjennom Surnadalsøra og vidare utover forbi Ørakaia (Surna kai). Køyr 4-500 meter etter at du har passert kaia. Der er vegen opp til Sjøasetervatnet skilta på øversida av vegen. Her tek du av og parkerer ved grustaket på høgre side, knappe 100 meter oppi bakken. Viss det ikkje er plass her, går det også an å parkere ved bommen litt lenger opp.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 4 |
Sti | 0,4 |