English

Roaldshorn via «Strandaegga»

Stranda

Kort om turen

Strandaegga:
Denne turen har det meste av det du ønsker og ikkje minst moglegheit for dei fleste å gjennomføre. Ein har nokre høgdemeter, men også behageleg sti langs "egga" før ei lita oppstigning til Roaldshorn. Ein ser både dal, fjell, vatn og etterkvart Storfjorden. Turen kan også kombinerast med restaurantbesøk og evt. gondolen ved skisenteret.

Ruteskildring

Start vest ved Svartevatnet. Parkering på riksveg 60 ved grensa mellom Stranda og Sykkylven. Her er det gode parkeringsforhold (25 bilar) Merka start rett ovanfor vegen mot nord. Passandes stigning opp til Langevatnet 830 på godt merka og god sti. ved Langevatnet er det eit idyllisk vatn. Ein kan også ta av i eit kryss litt før Langevatnet å ta turen innom Myrdalsfjellet 916. Her ser du heile Velledalen og mot Fjellsetra mm. Frå Myrdalsfjellet går du på sti mot der stiane kryssar i retning Kleivdalsfjellet. Stien vidare er også god og merka mot Kleivdalsfjellet i variert terreng. Når ein kjem opp på Kleivdalsfjellet 1154 så passar det med ein lunch med utsikt i alle retningar. vegen vidare er både flat, nedover og etterkvart skal ein ta eg opp mot Roaldshorn. Ikkje lange "oppoverbakken" men enkelte vil kanskje oppleve stien her som litt utfordrande! Men; aldri vanskeleg og utsatt, det er god sti. Når ein kjem opp til det høgaste punktet ved varden på Roaldshorn 1230 så ser ein det meste ein vil sjå - fantastisk. Einser i alle retningar. Innover Storfjorden og faktisk konturane av Tafjordfjella. Ein ser dei fleste fjell -store som små rundt seg, både i Stranda,Sykkylven,Ørsta, Fjord og Ålesund.

Ved Roaldshorn så har ein valget; Skal ein ta returen same veg, dei fleste velger dette grunna bilparkeringa. Men det er også fantastisk og kunne ta nokre enkle høgdemeter ned til Panorama restauranten ved gondolen. Denne kan du sjekke opningstider etter årstid og dag. Det same gjelder om ein har lyst å benytte gondolen ned bratta frå restauranten til Hevsdalen sentrum. Valget er også å gå denne ruta på grusveg (bratt) Når ein kjem ned til Hevsdalen sentrum kan ein velge å gå lysløypa som kallast Catwalken i retning vest og Svartevatnet. Siste 500 meter er det ingen tilrettelagt sti og ein må velge å gå langs riksvegen (evt. i grøfta tilbake til bilen. 

Denne turen har fleire moglegheiter som sagt - berre å planlegge på førehand.

God tur og lykke til - dette vert ein opplevelse!

 

Tilkomst og parkering

Parkering: Svartevatnet - Hevsdalen sentrum
Stor parkering ved grensa mellom Stranda og Sykkylven. Riksveg 60. Rundt 25 plassar.
Her er det skilta start frå andre sida av vegen ved parkeringa.

Parkering: Hevsdalen sentrum - Svartevatnet
Stor parkering ved Strandafjellet skisenter (avgift kr.60,-)
Dette alternativet når du vil gå turen frå øst til vest.

Fottur
Rød
Lengde
5,17 km en vei
Stigning
857 m
Tidsbruk
4 t. 45 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
1216 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 11,0
Køyreskildring
Print ut