English

Storvatnet i Norddal

Fjord

Kort om turen

Turen til Storvatnet startar på den idylliske Rellingsetra og du går vidare inn i storslått verdsarvnatur. Dyrdalen ligg omgitt av dei høge og karakteristiske Skorene og Torvløysa, der brear framleis heng att. Dalen er ein karakteristisk bredal med flotte geologiske formasjonar som moreneryggar, flyttblokker og fiskerike fjellvatn. Flott dagstur!

NB! På grunn av snøsmeltinga er det stor vassføring, så du må rekne med å vasse over elvene i starten av sesongen.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen på Rellingsetra kryssar du over setrestølen og passerer mellom nokre sel før du kjem inn på råsa som held fram i kupert terreng fram mot brua til Innsetsetra. Vi tilrår å gå heile vegen til Storvatnet på høgre sida av elva, (Rellingsida). Terrenget er småkupert og slakt stigande heile vegen.

Ved Litlevatnet går du over et lita bru og held fram på rås først litt mot aust, men så meir mot sør. Ved Storvatnet går du over osen, på nokre steinar. 

Sør for osen vil du finne fleire små hytter, og bak ei kvit hytte vil du finne eit lite naust ved ei bukt der posten er plassert.

Retur tilbake over osen, men herifrå vil vi tilrå å gå Innsetsida nedatt. Passer over morenerygg ved hytte, og føl råsa til Innsetsetra. Gå over brua og tilbake til Rellingsetra. Det er også mogleg å gå ned til bygda frå Innsetsetra.

Tilkomst og parkering

Hit kjem du ved å ta til venstre og køyre mot Norddal ved Eidsdal ferjekai. I Norddal svingar du oppover i bygda ved butikken og køyrer i om lag 2 km før du svingar mot høgre over ei bru ved Engeset. Du held fram på asfaltert veg heile vegen opp forbi gardane på Hatlestad og til parkeringa på Hatlestad. Her må du betale bomavgift (kontant)for å køyre vidare på grusveg til Rellingsetra. Der er det vanlegvis plass, men alternativt kan du parkere gratis på Hatlestad og gå den 3,5km lange grusvegen.
Fottur
Rød
Lengde
12,57 km rundtur
Stigning
456 m
Tidsbruk
4 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
927 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 12,57

Offentleg transport

Einaste moglege busstransport er skulebuss i skuleåret. Av- og påstigning på parkeringsplassen på Hatlestad, om morgon og ettermiddag.

Anna

Landskapet/naturen er det mest spesielle, men også to setrar med flott kulturlanskap. Storvasshornet er det naturlege siktepunktet framover i dalen. Turen er en fin familietur med turvande born heilt ned i 5-årsalderen. Fint å slå opp telt ved vatna. Storvatnet er eit fint fiskevatn. Flott utgangspunkt for dei høge toppane rundt. Mogleg overgangstur til Gråsteindalen.

Kart

Turkart Norddal kommune, 1:50 000, Opptur Geirangerfjorden; tur 3-15: Rellingsetra-Storvatnet

Betalingsmiddel for bomvei

Kontant betaling
Køyreskildring
Print ut