English

Storsvingen i Tafjord

Fjord

Kort om turen

Lett rundtur som gir fint utsyn over Tafjordbygda. Turstien går forbi bådet eit nytt og eit gammalt kraftverk, og restane av det aller første kraftverket i Tafjord. Turen går også gjennom kulturlandskap og bustadområde i bygda.

Ruteskildring

Start ved Kraft- og Skredsenteret (K&S) og gå forbi senteret (som er ein gammal kraftstasjon) og den nye kraftstasjonen som ligg rett ved sida av, og vidare oppover langs det gamle elveleiet på asfalt først, så sti. Følg raude merke på trea. Etter ca 400 meter kjem ein til restane av det aller første kraftverket i Tafjord som blei etablert for å produsere straum til bygginga av kraftstasjonen Tafjord 1 (1923). Dette midlertidige kraftverket blei demontert i 1925.

Derifrå går stien svært bratt og noko ulendt opp til Storsvingen. Langsmed ser ein restane etter eit fundament til rørgata som førte vatnet frå Onilsavatn til anleggskraftverket. Rørgata var av tre og materiala blei gjenbrukt til mellom anna husbygging i Tafjordbygda. 

Frå Storsvingen er det fin utsikt over Tafjordbygda. Turen går så nedover att og ein følgjer hovudvegen (asfalt) eit kort stykke. Ved tunnellopninga tek ein til høgre og går gamlevegen i tre svingar ned til brua. Legg merke til dei fine murane på vegen og brua.

Om lag 100 meter etter brua svingar ein til venstre opp ein liten bakke. Stien går så gjennom skog, gammal beitemark og kulturlandskap i retning mot bygda og fjorden. Stien kan nokre stadar vere utydeleg, men er grei å finne. Passering av skilt mot Tafjord ved stidele. Dette er "trimløypa" i bygda.

Følg stien til ein kjem inn på “Gamlevegen” (Sjoavegen, asfalt). Kryss vegen og hald fram på sti gjennom skogen til du kjem til Tafjord skule (nedlagt). Like ved ballbingen går du ut på vegen i bustadfeltet og følgjer denne først til venstre, så til høgre i 200 meter til du kjem til fylkesvegen. Då er eit kort stykke opp til du tek av til venstre på sti ned til elveleiet. Her kryssar du elva lett ved utløpet til kraftstasjonen - og du er tilbake ved startpunktet ved K&S.

Alternativ rute for å unngå den bratte kneika i starten får du ved å parkere ved skulen og gå ruta derifrå i motsett retning fram til turkassa. Sjå kart for å finne avkøyrsel til skulen.

Tilkomst og parkering

Tafjord ligg 12 km og tre tunnellar innanfor Valldal sentrum. Vegen ligg langs fjorden. Når du kjem til Tafjordbygda følgjer du skilting til Kraft- og Skredsenteret, det ligg 700 meter frå avkøyringa ved brua i Tafjord. Vegen går oppover langs austsida av Storelva. Gratis parkering ved Kraft- og skredsenteret. Følg P-skilt.
Fottur
Blå
Lengde
2,19 km rundtur
Stigning
123 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
104 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,1
Sti 1,5

Anna

Tafjord har ein spennande krafthistorie, frå bygginga av den første kraftstasjonen starta i 1919. Les meir om historien til Tafjord Kraft her: https://historie.tafjord.no/periode/1918-1923/den-forste-kraftstasjonen/ Kraft- og skredsenteret Gammal og ny tid møtest- med gammal og ny kraftstasjon ved sidan av kvarandre. Den gamle Tafjord 1 produserte straum heilt til 1989, då blei den erstatta av nye Tafjord 1. Den gamle kraftstasjonen er i dag vitensenter for energi, kraft og skred.

Kart

Turkart for Norddal kommune, 1:50 000. Tafjordfjella 1:50 000
Køyreskildring
Print ut