English

Storslågan ved Aursjøen

Molde

Kort om turen

Frå toppen av Storslågan 1286 moh, har du ei fenomenal utsikt over Aursjøen. Du starter frå turisthytta Aursjøhytta.

Følg først T-merka tursti. Etter ca 400 meter, ta av og følg blåe merker og små steinvarder.

Ruteskildring

Storslågan er fjellet du ser rett bak Aursjøhytta, i nordleg retning.

Ved start frå turisthytta følger du først T-merka tursti. Etter ca 400 meter, ta av og følg små steinvarder og blåmerka løype. Med start frå den store parkeringsplassen ved steinbruddet. startar stien ved ein liten steinvarde, blåmerka. Følg først vanleg tursti, deretter blåmerka sti. Estimert tid opp; ca 1 time. Stien går i lett og åpent høgfjell. Litt brattare når du næmar deg toppen.

Du er no i området Dovrefjell Sunndalsfjella nasjonalpark. Stien til Storslågan går i eit landskapsverneområde.Her ferdes det villrein. Derfor; ta omsyn.

 

Tilkomst og parkering

Du må kome til Aursjøen som ligg 856 moh. Du kan følgje Aursjøvegen enten frå Finnset i Eikesdal eller frå Litjdalen i Sunndal kommune. Parkering ved Aursjøhytta (turisthytte). Eller ved den store parkeringsplassen ved det gamle steinbruddet, like ovanfor.
Fottur
Blå
Lengde
2,36 km en vei
Stigning
379 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1286 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Anna

Aursjøen er eit stort og regulert vasskraftmagasin for Auraverkene. Vatnet som før rannt ned til Eikesdal og Eresfjord er ved Aura-utbygginga i 1951 og Takrenna i rundt 1960 alt saman overført til Sunndal. Dette via eit sinnrikt system med tunnellar og inntak. Les meir om det her.http://www.vasskrafta.no/historie/category545.html I ei lita hytte bak den grå brakka ved Aursjøen, finn du eit lite museum med bilder og historie om kraftutbygginga. Den er åpen. Skilt viser veg. Husk også Aursjøhytta

Kart

Norges-serien 10078 Sunndalsøra

Betalingsmiddel for bomvei

VIPPS eller bank-kort.
Køyreskildring
Print ut