Fin fjelltur delvis opp ein heilt ny opparbeid sti opp lia til Storskorkja. På toppen er det ei ny fjellhytte som vart offisiellt opna 4. juli 2018. Fantastisk flott hytte med nesten alle fasilitetar, med ei like fantastisk utsikt. Toppen er ikkje blant dei høgaste (861 moh). Derfor er det eit turmål dei fleste kan greie.
Det er grei sti heile vegen. Den er godt merket med raud måling på steinar og tre, og på pinnar. Første delen av turen går frå parkeringsplassen og opp lia til Dalssetra. Start med å gå over brua, og rett fram gjennom eit grustak. Litt steinete underlag første biten. No startar motbakken.Du skal stige ca. 300 høgdemeter på ein sti som slynger seg oppover til Dalssetra. Stien er bratt, men fast og fin. Det er bjørkeskog og skugge mesteparten av vegen. Etter setra flater stien ut. Fin og fast sti bort til Dalsvatnet. Her er siste sjanse til å fylle på vatn. Frå Dalsvatnet er det opparbeidet ein heilt ny sti opp til Storskorkja. Ein brei trassé gjennom småbjørkeskog. Delvis hellelagt, og grei å gå på. Stien er bratt, og har ingen våte parti. Over tregrensa går stien i sikksakk opp til eggen mellom Litleskorkja og Storskorkja. Legg merke til at det er Storskorkja som er det lågaste fjellet. Over eggen er det fantastisk utsikt til Kleivavatnet, Sandfjellet og Øvstedalen på eine sida, og til Dalsvatnet, Brudefølget, Nonsfjellet og Rongja på den andre sida. Stien er tørr og fast med god plass på begge sider. Men denne delen av turen kan opplevast som litt luftig. Siste stykket opp til toppen vekslar det mellom bratt og lett motbakke. Etter siste stigninga går ein litt ned og ut mot toppen. Her ligg Jensbu.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 0,5 |
Sti | 4 |