English

Storlifjellet

Ålesund

Kort om turen

Turen gir flott utsikt til alle fjella i Vaksvika og vidt omkring. Også kjent som Heimste Skura.

Ruteskildring

Frå parkeringa på Hjellesetra går du vidare langs setervegen til enden av setra. Herifrå går vegen over i merka og skilta sti. Etter eit stykke tek stien av opp langs Skurdgrova og opp gjennom skogen til Skurdbotnen. Du passerer fin blåbærmark, kryssar bekkar og mindre myrer. Ved Skurdbotnen svingar stien skarpt til høgre og følgjer stien ryggen slakt opp mot  Storlifjellet. Herifrå er det flott utsikt mot alle dei storslagne fjella i Vaksvika: Skorkjene, Grytavasstind og Lauparen.Viss du fortset framover i same retning, vil du passerer toppen av Storlifjellet. Herifrå ser du bl.a. Kroketevatnet. Vidare er det tydeleg sti opp til Bolleberget. Det fine varden der er lett å sjå frå Storlifjellet.

Tilkomst og parkering

Ta av til venstre frå R 650 rett etter den krappe svingen over elva i Vaksvika. Følg vegen innover til du passerer eit stort fjøs på venstre hand. Her møter du bomveg med avgift. Køyr vidare forbi Visetsetra og til enden av vegen på Hjellesetra. Her er det nokre parkeringsplassar. Parker her og følg skilting vidare.

Fottur
Blå
Lengde
1,57 km en vei
Stigning
256 m
Tidsbruk
1 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
542 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,2
Sti 3,1

Offentleg transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

VIPPS og kontantar
Køyreskildring
Print ut