English

Storhornet i Søvik

Haram

Kort om turen

Turen tar om omtrent 3 timar tur/retur med grusveg, sti og forsiktig klatring i berg. Utsikt over Søvik, Grytastranda, Ellingsøy og Ålesund frå toppen. 

 

Rutebeskrivelse

Frå parkeringsplassen er det knappe 2 km med bratt grusveg før ein tek av til høgre. Her står det skilt til Tverrbotshornet og Breiskarsvatnet, men ikkje Storhornet sjølv om råsa fører dit også.

Etter om lag 500 meter over slakt myrområde blir det på nytt god stigning på rås. Godt oppe i sida deler råsa seg. Ta då til høgre mot Storhornet der du skal følger råsa rundt ein knaus til Breiskarsvatnet. Fortsett forbi og litt opp før det går nedover sida på merka rås til eit nytt lite vatn. Her går turen over til tidvis lett klyving opp fjellsida. Det er godt merka så følg dei raude merka opp mot Skålbotsheia. 

Oppe på Skålbotsheia ser du rett over til Storhornet som du når etter ca 300 m lett gange. 

Adkomst og parkering

Parkering til Gamlemsveten ved foten av Søvikdalen. Frå 2023 er det bomveg der midlane skal gå til oppgradering og vedlikehald av vegen.

Fottur
Rød
Lengde
4,82 km en vei
Stigning
628 m
Tidsbruk
4 t. 0 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
595 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 4
Sti 4

Offentlig transport

Buss til Søvik Skule og gange til startpunktet. Sjå frammr.no

Kart

ut.no

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps eller betaling til konto
Kjørebeskrivelse
Print ut