Storhornet/Bjørkenibba er nest høgste fjellet (1600 moh) i Volda kommune. Storhornet er Sunnmørsnavnet og Bjørkenibba er Hornindalsnavnet på toppen. Frå toppen har du flott utsikt til Sunnmørsalpane og Nordfjordfjella.
Frå skisenteret går du løypene til Hjortedalssætra, derifrå går du mot Blåbreddalen, dersom vegen fram mot Hjortedalen er åpen og du startar der og det er vanskeleg å kome seg over elva er der ei bru ca 1,5 km frå Hjortedalssætra, gå så midt etter Blåbreddalen og oppå Blåbreden, når du er komen oppå Blåbreden ser du Storhornet/Bjørkenibba midt imot, gå så skråsida som fører til ein dal og gå dalen til foten av Storhornet/Bjørkenibba, gå derifrå sida mot toppen. Toppen består av eit flatt platå, så du må utpå kanten av dette for å få utsikt, ver då forsiktig for her kan vere store utoverhengande skavlar på alle kantar utanom der du kom opp. OBS. Skredfare frå begge sider i Blåbreddalen, gå midt etter dalen, skredfare frå toppane på austsida av Blåbreden, utpå våren kan der også vere fare for bresprekker i Blåbreden. Turen er 16,8 km tur/retur frå skisenteret, dersom vegen fram i Hjortedalen er åpna vert turen ein god del kortare.