English

Storhaugen

Ålesund

Kort om turen

Turen til Storhaugen går gjennom bymiljøet på Aspøya. Turen har både innslag av trapper, gangfelt og grusveg. Passar fint som del av ei byvandring, ettermiddagstur eller søndagstur. Oppe på Storhaugen blir ein påskjøna med ei fin utsikt over bysentrum og øyane rundt. 

Ruteskildring

Frå parkeringa i enden av Kjøpmannsgata går ein på fortauet innover langs med nedre Strandgate, heilt til ein er på linje med Rema 1000 butikken. Her kryssar ein bilvegen på markert fotgjengarovergang. Etter å ha kryssa bilvegen går ein opp trappene i Ragnvald Jarls gate, som førar opp til Kirkegata. Her tar ein til høgre og kryssar vegen ved første fotgjengarovergang, og held fram i samme retning. Ta til venstre ved første gatehjørne og følg Gange Rolvs gate til den nordlege enden. Gå så innpå stien som drar opp grasbakken mot høgre. Ta så til venstre ved første veiskille. Følg denne grusvegen gjennom ein lang høgresvingen. Følg grusvegen til endes, og ein vil nå toppunktet til Storhaugen.

Tilkomst og parkering

Gratis parkering i austre enden av Kjøpmannsgata.

Fottur
Grønn
Lengde
1,39 km en vei
Stigning
65 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
52 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 2,7
Grus 0,3

Offentleg transport

På og avstigning buss i Kirkegata.
Køyreskildring
Print ut