English

Storevarden frå Hjellane

Sykkylven

Kort om turen

Storevarden er ein variert tur på skogsveg og sti med flott utsyn over fjord og fjell i Sykkylven

Ruteskildring

Frå parkeringa går du først omlag 300 meter oppover langs Åsvegen til skogsvegen startar. Følg skogsvegen oppover over skoggrensa til ca 450 moh der stien startar mot Storevarden. Stistarten er skilta ved skogsvegen. Stien oppover ligg fint i terrenget og slyngjer seg oppover og følgjer naturlege ryggar opp til storevarden på 647 moh. På toppen har ein flott utsyn over fjord og fjell. Ein ser tindar i sør og aust og Ålesund og Sula i vest. Turen går gjennom variert furu og blandingsskog på skogsvegen, og med opne lyng- og høgfjellsheier mot toppen.

Dersom ein følgjer skogsvegen vidare og held til venstre kjem ein fram til ei Sætrevatnet og Vassætra og Fauskesætra som er eit flott turmål i seg sjølv. Det er og mogleg å gå frå Storevarden og vidare til Sandvikhornet.

Tilkomst og parkering

Kjem du frå Aure/Sykkylven sentrum køyrer du mot fergekaia på Magerholm, forbi Aureelva og småbåthamna og i den lange svingen i Ullavika tek til høgre på Grebstadvegen. Etter ca 200 meter tek du til venstre opp Åsvegen som du fylgjer oppover heilt til du kjem til parkeringsplassen på Hjellane
Fottur
Blå
Lengde
3,19 km en vei
Stigning
478 m
Tidsbruk
2 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
634 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,6
Grus 3,4
Sti 2,4

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut