English

Storelva på langs, i Barstadvik

Ørsta

Kort om turen

Turen langs Storelva i Barstadvik er ein lett tilgjengeleg tur for alle aldersgrupper. Langs elva går du på gruslagd traktorveg og tursti, og det er fleire stadar du kan stoppe for å raste. Du kan starte på ruta akkurat der du vil. Startpunkt er anten frå Nytun, Erdalbrua eller frå brua ved E39 Barstadvik.

Ruteskildring

Heile runden frå brua ved E39 til Erdalbrua og ned att til E39 tek vel ein time. Råsa kan brukast alle årstider og er tilpassa dei fleste. Halvvegs i turen kan du ta ein stopp fram om brua som går over Tverrelva. På benken kan du nyte naturen og suset frå elva som renn langs råsa. Frå Erdalbrua går du langs bygdevegen til Nytun der du tek av mot høgre på traktorveg. Denne traktorvegen, Elvaråsa har vore Stikk Ut i fleire år og endar på Romestrand ved E39. Heile turen går langs elva og har lite stigning. 

Tilkomst og parkering

Parker ved grusbana ved Barstadvik skule. Inga parkeringsavgift.

Fottur
Grønn
Lengde
4,53 km rundtur
Stigning
97 m
Tidsbruk
1 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
97 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1
Grus 4,6
Sti 4,6

Offentleg transport

Timesekspressen Ålesund -Volda går forbi start og sluttpunkt ved E39
Køyreskildring
Print ut