Turen til Storehornet gir god utsikt utover Rovde, fjorden og mot Ulsteinvik.
Ta av frå hovudvegen på Rovde, skilta mot Årskogdalen.
Du kan køyre opp til 535 MOH på bomveg. Gå opp Riddervegane mot Mørkevatnet. Når du nærmar deg vatnet, rett før ein kjem opp til hyttene, følg skilting og ta til høgre. Følg den blå merka ruta i rås med steinete terreng oppover. Fint og lett å gå når ein kjem opp på høgda og vidare ut til varden på Storhornet. Flott utsikt over bygda, utover til Ulsteinvik og eller ut Rovdefjorden.
Det er skilta mot Årskogdalen ved hovudvegen på Rovde ca 150 meter vest for COOP. Ca 120 moh er det bom der ein betaler bompengar (kr 30 pr 1.7.2017) for å køyre resten av vegen. Vegen går heilt opp til 535 moh. God parkering ved enden av vegen i Årskogdalen