English

Stølesætra i Stordal

Fjord

Kort om turen

Fleire vil hevde at Stølesætra er den vakraste sætra i Stordal. Alle stadane der det har vore sætredrift i tidlegare tid, har sitt særpreg og i og med at denne ligg nærare 600 moh, skal dette også vere den sætra som ligg høgast. Frå Stølesætra er det fin utsikt både nedover og oppover i dalføret Nørdalen. Det ligg fleire andre fine turmål i området

Ruteskildring

Frå lunneplassen (stad for mellomlagring av tømmer) der ein kan parkere, fyl ein skogsvegen vidare til fots. Som det kjem fram at kartet, går det meste av turen (i meter) langs denne skogsvegen. Når ein etterkvart tek av og fyl råsa oppetter lia, vert det naturleg nok meir stigning og ein kan karakterisere denne delen av turen som relativ bratt, men likevel ikkje slik at det er det ein kan kalle luftig. 

Tilkomst og parkering

Frå Fv 650 på Mo, tek du av mot Overøye. Køyr om lag 5 km, til du kjem til område med avfallcontainarar på høgre side. Der tek ein av inn på skogsvegen til venstre og kan parkere på lunneplassen eit lite stykke etter. NB! DET ER IKKJE TILLATT Å PARKERE VED AVFALLSCONTAINARANE!

Fottur
Blå
Lengde
1 km en vei
Stigning
241 m
Tidsbruk
1 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
585 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1

Offentleg transport

Ein kjem ikkje lengre enn til Moe om ein er avhengig av offentleg transport og då er det framleis 5 km til der turen startar.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut