English

Steinsetsætra - Orkidevegen

Ålesund

Kort om turen

Turen til Steinsetsætra går på sætreveg med jamn stigning, med eit par bratte parti. Langs sætrevegen er det mange orkidéar. Turen passar for alle.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen i Sætrevika på Fylling følgjer du sætrevegen oppover med relativt jamn stigning. Når du kjem til eit vegkryss tek du til venstre mot Steinsetsætra. Her startar "orkidévegen". Vegen held same høgde ei stund bortover skog- og myrområde med relativt mange orkidéar av nattfiol, skogmarihand og flekkmarihand. På tur i månadskifte juni/juli er det mest truleg at du ser flest av orkidéane på denne strekninga om du ser deg rundt langs skogsvegen. Det er svak stigning dei siste 100 høgdemetrane opp til Steinsetsætra. Du kan snu der, eller gå vidare på skogsveg til Brautesætra ved Mevatnet, og utforske traseane til skiløypene vidare. Steinsetsætra er starten på eit større samanhengande område med fleire vatn, myrar/våtområder, furuskog og sætremiljø. 

Tilkomst og parkering

Det er offentleg parkringsplass ved Engsetdalsvegen i Sætrevika, om lag 3 km frå Skodje sentrum. Det er ikkje parkeringsavgift.
Fottur
Blå
Lengde
3,22 km en vei
Stigning
156 m
Tidsbruk
2 t. 0 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
199 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 6,44

Offentleg transport

Det går buss tidleg om morgonen og om ettermiddagen.

Anna

Ved parkeringsplassen, på andre sida av Engsetdalsvegen, 50 m mot Fylling, ligg ein offentleg badeplass med toalett. Kanskje ein plass å avslutte ein tur til Steinsetsætra? Elles er det råd å ta seg vidare inn i det flotte området rundt Svarteløkvatnet.

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut