Fin tur på asfalt med utsyn over Storfjorden med fjella og dei fråflytta gardane Skotet, Vidhammar og Korsedal på andre sida av fjorden. Turkassa finn du omtrent halvvegs til Stamnesbugen. Det er ikkje tilrådeleg å gå denne vegen om vinteren og våren, då det kan gå snø-, is- og steinras.
Turen går på den gamle bilvegen mellom Dyrkorn og Stordal. Frå kaia på Dyrkorn går du opp bakken og tar til høgre i vegkrysset, mot Stordalstunnelen. Ta så av til venstre, og gå gamlevegen som fører over tunnelinnslaget og vidare innover. Du passerar to bolighus og eit gardsbruk og held fram til du kjem til Stamneset. Berre første delen av vegen blir halden ved like, på siste delen ser ein kor attgroinga har starta. Vel du å gå vidare til Stamnesbugen og til naustet der, kan du sitte i støa og nyte utsynet over sjøen, eller fiske frå berga rundt. Her skal ein vere obs på at glidekanten manglar på delar av vegen.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 1,72 |