English

Sperrenakken frå Vik

Ålesund

Kort om turen

Fin tur med relativt slak stigning i kupert terreng. Toppunktet gir ei utsikt som verkeleg attspeglar det varierte landskapet på Sunnmøre.

På toppen er det oppheng for hengekøye og ein gapahuk med utsikt sørover.

Ruteskildring

Frå parkeringa ved idrettshallen følger ein Storfarvegen i kring 50 meter før ein tar til høgre inn på ein skogsveg som er skilta med tursti til Myklebusthornet. Følg denne vegen opp Vikedalen i kring 1 km før ein kjem til eit veiskille og ei postkasse. Her tar ein til venstre inn på stien. PS; dersom ein bikkar over kanten ned mot Volstad kjem ein til ein gapahuk med flott utsikt. Følg stien vestover i kupert terreng i kring 1,5 km til toppen av Sperrenakken. Framme ved toppen er det ei varde og ei infotavle med bilete og info om toppane i Sunnmørsalpane.    

Tilkomst og parkering

Gratis parkering ved Ellingsøy idrettshall.

Fottur
Blå
Lengde
2,79 km en vei
Stigning
298 m
Tidsbruk
2 t.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
320 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Det er busshaldeplass på Vik langs Fv107. Sjå http://www.frammr.no for ruteinfo.
Køyreskildring
Print ut