English

Solliåsen frå Vaksvika

Ålesund

Kort om turen

Rundturen ved Solliåsen går i variert terreng med utsikt til Storfjellet, den gamle fjellgarden Skotet og innover fjorden heilt til Stranda. Ver ekstra oppmerksam ved ut- og innkøyring frpå vegen. Ganske uoversiktleg ved muren. Stien er delvis smal med bratte skrentar utanfor stien. Ver forsiktig, gå turen når det er fint og tørt!

Ruteskildring

Parker i enden av skogsvegen. Stien startar med ei ganske bratt stigning. Det heng merkepinnar i trea og i marka gjennom variert skogsterreng på heile turen. Her går vi langs tildels smal sti med bratte skrentar på sida til i neste strekning å gå gjennom tett granskog. Det er hengt opp raude merkeband der det er brattast utanfor kanten og tau er festa på innsida av stien på to plassar. Pass opp viss det er barn med på turen. Lenger opp kjem parti med stor, gamal furuskog. Innimellom opar skogen seg og du får fantastisk utsikt innover Storfjorden mot fjellgarden Skotet og innover fjorden til Stranda. Stien går ikkje oppom topp-punktet, legg gjerne inn ein avstikkar dit sjølv. På tur ned igjen forandrar landskapet seg. Her var det sommarfjøs og små grassletter som dei slo i gamle dagar og frakta ned att til garden med hest og slede. Etter kvart kjem du til ein stor stein like ved ein open utsiktsplass. Staden heiter Styggestihammaren og her er postkassa. Fin utsikt mot Vaksvika og det flotte området nede ved småbåthavna. Fortset framover langs Styggestiråsa fram til det dei frå gamalt av kalla Høggjelshammaren til de kjem til ei opa slette med eit sommarfjøs på. Her vender stien brått av og går innimellom forholdsvis bratt tilbake til startpunket. 

Tilkomst og parkering

Køyr riksveg 650 frå Sjøholt til Stordal. Avkjørselen til turen kjem like før det første huset i Vaksvika på venstre side. Det står StikkUT skilt i vegkanten like ved ein murkant. Avkjørselen kjem brått på. Kjør ca 150 meter opp skogsvegen ved StikkUT skiltet. Der er det god parkeringsplass. Sjå deg godt om før de køyrer inn på vegen igjen. Her kan bilane kome fort på.
Fottur
Rød
Lengde
1,61 km rundtur
Stigning
98 m
Tidsbruk
40 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
164 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,7

Offentleg transport

Ja,sjå frammr.no

Anna

Pass på barna på veg opp. Enkelte plassar er stien smal og det er bratt på utsida. Ver også obs når du køyrer ut på vegen. Turen er merka raud pga bratte parti.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut