Sollia er høgste fjellet i Sande kommune og i Herøy kommune, men heile turen går på Herøysida av kommunegrensa. Den vestlegaste toppen er høgst i Sande 660 moh, den austlegaste toppen er høgst i Herøy 661 moh. God utsikt i alle retningar, du ser Herøy, Sande, Ulstein, Sunnmørsalpane og Vanylvsfjella. Gurskøy IL og Moltu IL har trimpost på Sollia.
Start turen ved lysløypeparkeringsplassen på Leikongeidet, gå oppover i nordvestleg retning, når du kjem oppå første ryggen går du eit stykke i nordleg retning før du går mot nordvest igjen, løypa går då nesten beint på Sollia, du passerer på sørsida av Holmevatnet før du byrjar på siste stigninga mot toppen.