Turen til Trollhaugen/Solavågsfjellet (263 moh.) går på tydeleg, men ganske våt og tidvis bratt sti. På toppen får ein fantastisk utsikt i alle retningar.
Ruteskildring
Den første kilometeren går på god kjerre-/traktorveg. Her er det mogeleg å sykle eller trille barnevogn (med store hjul). Vegen går deretter over på ei tydeleg rås som er godt skilta. Ved Grønmyrhaugen som ein passerar etter ca. 1,5 kilometer, er det flott utsikt. Herfra er det ca 400 meter til toppen.
Tilkomst og parkering
Parkering ved startpunktet til turen, på Solavågsvegen. Ingen avgift.
Ein kan ta buss til Sunde fergekai og deretter gå eit lite stykke tilbake og opp Pebakken. I krysset på toppen tek ein til høgre, og følger Solavågsvegen ca. 900 meter, fram til startpunktet, på venstre side av vegen. Med offentleg transport er turen ca. 1,7 kilometer lengre, kvar veg.
Alternativt kan ein ta buss til Solavågseidet og gå derifrå, ca. 400- 500 meter kvar veg.
Anna
Solevågsfjellet er verna som naturreservat, den strengaste verneformen vi har i Noreg.