English

Soggnebba og "Jøtulomnen"

Surnadal

Kort om turen

Soggnebba er eit høgt og fritt utsiktspunkt som ligg sentralt til i nedre Surnadal. Det flotte utsynet over bygd og fjord gjer dette til eit turmål å anbefale, men det gjer også hola «Jøtulomnen», som du finn ein kort avstikkar frå turruta.

Ruteskildring

Frå parkeringa ved lunningsplassen oppunder lia er turen skilta fram til turmålet. Den første delen av turen går etter relativt slak skogsveg, men etter ca. 1 km tek du inn på sti. Når du passerer høgste punktet på ruta, er du snart framme. Du må da gå eit stykke ned igjen for å koma fram til det finaste utsiktspunktet og turkassen. 

På nedre del av turen er ein avstikkar opp til den såkalla «Jøtulomnen» skilta. Dette er ei lita grotte i berget med flott utsyn over bygda. Dei siste metrane opp til hola er såpass bratte at ein kan trenge tauet som er der til å dra seg opp. Er ein dårleg til beins, er det derfor ikkje sikkert ein kjem seg heilt opp i hola.

Tilkomst og parkering

Når du skal til Soggnebba, må du parkere heilt oppunder lia på Sogge. For å finne fram dit, må du gjera dette: Frå vegkrysset ved Skei køyrer du først ca 4 km oppover Surnadalen. Her finn du den kvite gardsbygninga i Utistua på Sogge på høgre side av vegen. Ved vegkanten står ein raud (og kvit) mjølkeramp. Her tek du av og køyrer forsiktig gjennom tunet på garden. Hald til venstre og følg landbruksvegen/skogsvegen bortover gjerda til du kjem til ein lunningsplass. Her sett du frå deg bilen.
Fottur
Blå
Lengde
2,83 km en vei
Stigning
333 m
Tidsbruk
2 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
328 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut