English

Snøfjellet (Kvenndalen)

Surnadal

Kort om turen

Snøfjellet (1009 moh) i Kvenndalen gir fjellvandraren ein relativt enkel topptur som byr på storslagen utsikt over fjella i Trollheimen.

Ruteskildring

Etter å ha parkert bilen, går du rundt bommen og vidare innover etter vegen. Etter ca 1,5 km passerer du brua over Tverråa, og like etter dette kjem du til ein parkeringsplass med ei hytte rett ovanfor. Her går du av vegen og inn på stien som fører opp mot toppen av fjellet.

Tilkomst og parkering

Køyr ca. 6 km frå Skei i Surnadal i retning Kvanne. Ta av i ein hårnålssving på venstre side av vegen og køyr ned på flata til Kvennbøen. Køyr rett fram. Etter at du har passert brua over elva, kjem du til Kvennbøgardane. Ved første bygninga svingar du til venstre og køyrer over ei bru igjen. Køyr så oppover bomvegen som startar her. Køyr innover dalen til du kjem til neste bom. Herifrå er turen til Snøfjellet skilta. Parker på nedsida av vegen, godt ute av vegen for passerande trafikk.
Fottur
Rød
Lengde
4,45 km en vei
Stigning
733 m
Tidsbruk
4 t. 5 min
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
982 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3,2
Sti 5,71

Offentleg transport

Nei

Anna

Kvenndalsvegen er bomveg. Pris for enkelttur med bil: 50 kr.

Kart

Kart over Trollheimen

Betalingsmiddel for bomvei

Kontantar, vipps eller overføre til oppgjeve kontonummer.
Køyreskildring
Print ut