English

Smørbotntraversen i Skorgedalen

Rauma

Kort om turen

Posten er plassert på Nobba. Smørbotntraversen er ein variert tur der ein følger fjelltoppane rundt Smørbotnen. Fantastisk utsikt.

Ruteskildring

Frå øvre del av parkeringsplassen, gå mot Selsetervatnet på fin grusa veg . Rett før Selsetra, tar du av mot høgre, på rødmerka sti som fortsetter oppover skogen i litt bratt terreng. Over skogsgrensa går stien litt mot venstre mot ryggen som fører opp til Nobba på 1008 moh. Allerede fin utsikt i alle retninger her. Følg videre ryggen oppover i litt ur og litt småsteinete sti. Lett kliving enkelte plasser. Du kjem så opp til Kvasstind på 1187 moh. Herfra går du over toppen og ned ryggen på østsida. Hold mot venstre opp til Smørbotentind. Her er det en del ur kor det er merka med rødt på stein. Etter kvart når du Smørbottind på 1188 moh. Fra toppen går du vest, og etter kvart sørover mot rygg. Følg denne nedover, delvis i ur. Fortsatt røde merker. Et stykke ned på ryggen svinger merkinga ned mot botnen. Følg denne og videre mot høgre på svake sautrakk ned mot elva. Gå bratt ned til elva, kryss dennne og opp skråninga på andre sida. Herfra mot venstre og nedover til du møter  stien  du kom opp. Fortsett ned samme veg til Selsetra og tilbake til parkeringsplassen. Flott og variert rundtur

Tilkomst og parkering

Ta av fra hovedvegen ved Skorgen i Rauma mot Skorgedalen. Bomveg. Kjør til parkeringsplassen.

Fottur
Svart
Lengde
9,57 km rundtur
Stigning
1020 m
Tidsbruk
5-6 timar
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1188 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,4
Sti 5
Ingen sti 3

Offentleg transport

Fra hovedvegen kan ein gå, men lettast med privatbil

Lenke til turskildring

romsdal.com beskriver turen med litt anna sti ned

Betalingsmiddel for bomvei

kr 90,- betales med bankkort
Køyreskildring
Print ut