English

Småheiane

Ålesund

Kort om turen

Turen opp til Småheiane går først langs skogsveg før den går over i terrenget. Turen gir flott utsikt over fjella rundt og ned i Engsetbotnen. På fine dagar er det ofte mykje folk på tur i området.

Ruteskildring

Frå turparkeringa går du vidare oppover til vegen deler seg. Ta til høgre mot Storlivegen. Snart passerer du ei lita bru. Fortset vidare ca 150 meter til skogen opnar seg opp. Her tek du av frå vegen opp til venstre over myra og oppover mot hyttene. Herifrå ser du turmålet. Hold til høgre for hyttene og gå opp over marka. Her kan det vere gjerde enkelte plassar. Finn ein grei plass å passere. Vidare går du litt til venstre for ryggen av fjellet slik at du får ein slak og fin tur opp mot den fine varden på Småheiane. Herifrå er det flott utsikt mot Storsetra og Høgsalen, ned att til Engsetdalen og opp mot Frostatinden. Her er det ofte skispor vidare opp til toppen av Frostatind for den som vil ha ein lengre tur. Hugs alltid å vurdere forholda når du går på ski. Vind og ver kan forandre terrenget og skavlar kan legge seg vidare oppover.

Tilkomst og parkering

Frå Skodje sentrum køyrer du Engsetdalvegen opp forbi Skodje kyrje. Hald fram på vegen til skilting til Storsetra. Ta av til høgre her og følg vegen heilt opp til parkeringa like før skilt til bomveg. Parker her.

Skitur
Blå Fjell
Lengde
2,04 km en vei
Stigning
250 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
485 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Nei.

Kart

Ålesund
Køyreskildring
Print ut