English

Sledalen frå Eidsdal

Fjord

Kort om turen

Turen til Sledalen har jamn stigning. Fint skogsterreng i fyrste del. Seinare godt utsyn over bygda. Idyllsik fjelldal med dyr på beite. Fleire større vatn inne i dalen. Mogleg med overgangsturar via Smogehornet eller Nonshornet/Eidsheia.

Ruteskildring

Frå parkeringa kryssar du hovudvegen og følgjer gardsvegen opp gjennom tuna på Skuset. Gå beint fram og gjennom grinda øvst på bøen. Her svingar ein skogsveg mot venstre, men etter eit kort stykke svingar det av ei merkt rås til høgre/nord. Råsa går ganske bratt opp mellom små bjørketre/kjerr, men ho er tydeleg og grei. Du kjem opp på ein liten kolle. Her var det før eit fint utsynspunkt over gardane, men no er bjørkeskogen i ferd med å overta for utsynet. 

Råsa går bakover kollen og svingar oppover i skogen mot vest. Her er bjørkeskogen opnare, dels prega av gammal skog, og du går oppover ein brei rygg. Pass på å følgje merkt rås, for her lagar òg hjorten sine eigne stiar, og det er fort gjort å ta feil.

Råsa svingar seg inn under ein bergskolt og går eit kort stykke mot sør medan ho arbeider seg opp på ein tydeleg rygg. Når du kjem opp på ryggen, møter du raskt stidele der du kan ta av mot Skusetsætra. Dette er ein kortare tur der du kan velje å halde fram mot Eide. Då endar du ved det idylliske Eidsvatnet til slutt. 

Men vår rute svingar seg oppover ryggen som etter kvart smalnar meir av. Etter kvart kjem du ut av skogen, og ei stund seinare vert råsa meir diffus. Følg merkinga som leder deg mot dalmunningen av Sledalen, mot nordvest. I sjølve dalmunningen er det ofte eit vått parti med mange småbekkar. Nokre av desse må du krysse før du finn råsa som går innover dalen i nærleiken av hovudelva. Hovudelva leder deg inn til Litlevatnet, og her finn du ein turpost. Posten ligg like i nærleiken av osen.

Du kan returnere same vegen som du kom, viss du ikkje vil ha ein betydeleg lengre overgangstur? Frå Sledalen kan du velje ruter vidare både mot Smogehornet og mot Nonshornet/Eidsheia. Men her er det ikkje merkte ruter, og ingen stiar, så du bør kunne å lese både kart og terreng.

Sjølve Sledalen svingar mot nord frå Litlevatnet. Gå gjerne ein tur innom Kroketevatnet og Storvatnet også. Kanskje treff du på sauer på beite? Frå den låge aksla i nord er det utsyn mot fjorden.

 

Tilkomst og parkering

Følg hovudvegen mot Geiranger frå ferjeleiet i Eidsdal, opp til Skuset, knapt 9 km. Parker på plassen ved bensinpumpene, men pass på at du ikkje står i vegen for dagleg drift på staden.
Fottur
Rød
Lengde
3,69 km en vei
Stigning
564 m
Tidsbruk
3 t. 30 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
979 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,4
Sti 6
Ingen sti 1

Offentleg transport

Det går få offentlege bussar i Eidsdal, så i praksis er det vanskeleg å basere seg på buss/offenteleg transport til og frå turstart.

Kart

Turkart for Norddal kommune 1:50.000 Turkart for Stranda kommune 1:50:000
Køyreskildring
Print ut