English

Skrednakken

Fjord

Kort om turen

På denne turen får du besøke ein av dei flottaste og best vedlikehaldne gamle gardane ved Norddalsfjorden. Spennande historikk, interessante kulturminneobjekt og eit vakkert natur- og kulturlandskap. Unesco verdsarvområde.

Ruteskildring

Turen startar frå parkeringsplasen på Kilsti. Du går på merka sti rett opp frå parkeringsplassen og over eit myrlendt område før du kjem opp i spreidd bjørkeskog. Vidare over ei bru og opp til Kilstivatnet, og deretter på god sti inn til Kilstisætra i nordenden av vatnet. Lett og familievenleg terreng. Ca. 2 km å gå inn til setra. Frå sætra går det bratt oppover på sti til Kilstiheia. Den fyrste delen går i bjørkeskog, men etter kvart kjem du over skogen og får flott utsyn over fjordlandskapet og bygdene. Ruta går over Kilstiheia, og rett etter det har byrja å gå unna, finn du ein turpost. Litt lenger nede svingar ruta brått til høgre ved ein liten merkevarde. Her må du vere merksam. Ruta svingar mot fjorden og går bratt nedover ein rygg. Her er litt berghamrar og det kan vere sleipt og glatt i vått vêr. Du ser ned på Verpesdalssætra, og litt ovanfor sætra svingar du vestover og ned frå åsryggen og kjem ned øvst på sæterstølen.

Frå Verpesdalssætra går du beint nedover stølen mot nordvest. Det kan vekse godt med gras på stølen, så råsa vert lett borte akkurat på stølen. Men sjå etter merke og ein merkestolpe litt lenger nede, før du går inn i skogen. Frå skogkanten er det god rås. Den deler seg etter eit par hundre meter, og du følgjer skiltinga til Skrednakken. Fyrst bratt nedover, så slakkare, før ein bratt bakke ned til bru over elva frå Kilstiheia. Siste stykket ned til Skrenakken er litt myrlendt. Det er lagt ut nokre plankar/vandringar, men det er vanskeleg å unngå å bli våt om ein berre har joggesko.

Nede på Skrenakken er sjølvsagt garden verdt eit besøk, men om ein ikkje er høgderedd, bør ein òg ha med seg Storenibba: Ei fjelltunge som stikk ut i lufta, med svimlande stup rett i fjorden!

Turen attende kan leggjast via Verpesdalen og Flåna. Sjå skildring av desse turane, eller heile runden "Kilstimarkene rundt".

 

Tilkomst og parkering

Frå Eidsdal sentrum følgjer du fylkesvegen mot Geiranger. Ta av i skiftet til Rønneberg/Kilsti, 6 km frå Eidsdal sentrum. Du følgjer så kommunevegen i 3,9 km til Kilsti (Gjerdeneset) der du parkerer på p-plassen ved sidan av vegen.

Fottur
Rød
Lengde
6,4 km en vei
Stigning
390 m
Tidsbruk
2,5 t. ein
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
842 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6,4

Offentleg transport

Det går få bussruter i området, og til Kilsti går det berre skulebuss på skuledagar.

Anna

På turen går du framom både Kilstisetra og Verpesdalssætra, i tillegg til besøket på Skrednakken. Mykje kulturhistorie knytt til desse stadane. Landskapsmessig er òg området spesielt med eit stort spekter av landskapsformer.

Kart

Turkart Norddal kommune 1:50.000
Køyreskildring
Print ut