English

Skorgesetra

Ørsta

Kort om turen

Turen til vakre Skorgesetra går gjennom Skorgeura og Skorgedalen, eit naturreservat med eit variert plante- og dyreliv. Ein enkel og innhaldsrik tur for alle.

Ruteskildring

Frå parkeringa går du rett opp ein bratt sti, og følger grusveien opp i terrenget. Ved enden kjem du til ein sti inn i skogen og diverse infoskilt om Skorgeura naturreservat. Følg stien til du kjem til Syrøyane, ein fin rasteplass med benkar og bålplass. Her går turen vidare ved elva, og det blir etter kvart litt meir ur. Har det vore mykje nedbør eller snøsmelting kan elva flaume over stien visse plassar, og det kan bli vanskeleg å gå rundt eller hoppe over. Følg stien når den kryssar Skorgeelva, og fortsett opp i skogen.

Stien splittar seg ned mot Sætre, du skal følge den til venstre. Når du kjem opp i dalen flatar det veldig ut, og du har rundt 2km igjen. Her kan det også være ganske vått, men det er lagt ut mange steinar der det er aktuelt.

Omtrent 1km inn i dalen deler elva seg over stien, og det kan bli vanskelig å krysse ved høg vassføring. Det er mogleg å følge avstikkaren frå elva 10-15m og hoppe over. Fortsett inn i dalen til du når brua over Skorgeelva, og du har setra i sikte. Her kan du også gå vidare inn i dalen og få  utsikt mot Tverrfjellet, og til og med fortsette heilt til Årsetdalen på Vartdal.

Tilkomst og parkering

Følg E39 ca 5km frå Ørsta sentrum mot Ålesund, forbi siste avkjørsle merka "hagevegen". Fortsett rundt ein slakk høgre og venstre-sving, til du har kryssa ei bru og har Vik Ørsta-fabrikken på venstre side. Her kan du svinge av til høgre og parkere på ein grusplass med plass til 3-4 bilar.
Fottur
Blå
Lengde
3,49 km en vei
Stigning
370 m
Tidsbruk
2 t. 40 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
395 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0.2
Sti 3.3

Offentleg transport

Fram rute 100/101 mot Ålesund kvar time frå Ørsta. Det er busstopp (Skorgeura) 100m frå starten av stien, over Vik Ørsta.

Kart

Norgeskart
Køyreskildring
Print ut