English

Skorgenessetra

Vestnes

Kort om turen

Ein ganske lett fottur, som passar heile familien. Utsikt ned mot Tresfjorden i øst, og ei flotte fjellrekka på Daugstad i bakgrunnen. Ein kikk mot nord, så dukker heile Tresfjordbrua opp og Molde skimtast bak. Ein kan fortsette turen på merka sti til Vardfjellet (705 m), ca. 45 min. Den spreke kan til og med fortsette forbi Remmemsvatnet og opp på Remmemstinden (1090 m), ca. 2.5 timer ein veg fra Vardhaugen. Men belønninga er også stor om været er fint.

Ruteskildring

Du startar nede ved E39 der det står eit skilt med teksten "Skorgenessetra" og "Vardfjellet". Du går mot nord (høgre) 30-40 m og så svingar stien opp gjennom skogen. Stein går i open skog først, men skogen blir tettare etter som stien begynner å bli brattare. Du går over ei lita elv og ser snart den første hytta på setra. Stien deler seg i blant nokre titalls meter, men kjem saman igjen. Ein kan innimellom finne raude merker på greiner langs ruta. Ingen vanskelege parti eller vegkryss.

Tilkomst og parkering

Turen startar på vestsida av vegen, omtrent 400 m fra krysset på Kjelbotn mot Vestnes. Grunneigar ønsker at det ikkje vert parkert på lunneplassen ved turstart. Nytt stort parkeringsareal er under oppbygging i det nye Skorgen-krysset (E39/E136). Inntil vidare er det god plass til å parkere bilar på den no avstengte (tidligare riksvegen - E136) på Kjelbotn. Den ligg like ved turstart. Frå vestnes: Kjøyr ned via E136 mot Tresfjord. Ta av før Skoregnebrua opp til høgre igjen - opp til endes - “Heggelikleiva” mot Kjelbotn. Her er det masse god parkeringsplass på den no avstengde - tidl. europavegen.
Fottur
Blå
Lengde
1,4 km en vei
Stigning
240 m
Tidsbruk
40 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1300

Kart

Ørskogfjellet-turkart 1:50.000, turkart for området rundt Tresfjorden 1:40.000
Køyreskildring
Print ut