English

Skolma og rundt Grøthornet frå Brandal

Hareid

Kort om turen

Fin tur i vakker natur. Begynner nede i Ytredalen, men etter eit par km, så går resten av turen i lav vegetasjon og med panoramautsikt mange veier. Kan blåse på toppane så ta gjerne med vindtett jakke i sekken. Supert å ta seg eit svalande bad i Grøthornvatnet. Du krysser elv, så fyll gjerne opp vassflaska.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går det grusveg eit stykke opp i dalen. Følg denne til du kjem til skilt mot Skolma og du fortsetter på god og synleg rås opp til Setra. I begynnelsen går ein nede i Ytredalen og her er det variert skog. Frå Setra er det skilta vidare mot Skolma, og snart er du over tregrensa. Ta deg gjerne eit bad i Grøthornvatnet når du vandrer forbi. Følg rås heile vegen til du kjem opp på toppen av Skolma. Her har du utsikt mot Runde og Herøyfjella, Fløfjella og mot Giske og Ålesund. Når du er ferdig å nyte utsikt og roa ved varden på Skolma, snur du nasa rundt og går tilbake langs ryggen av høgda, så du har Grøthornvatnet på di høre side. Her er rås å gå i, men det er heilt flat vegetasjon, så her kan du føle deg fri og berre nyte å gå der du vil. Gå på venstre side av vatnet. Når du kjem ned til nederste delen av vatnet, følger du råsa vidare. På nedsida av Grøthornet kan råsa vere vanskelig å følge. Men om du følger den, så kan du få med deg fjellkløfta/sprekka som er der, i nederste del av merka rås. Om du kjem ut av råsa, så fortvil ikkje, berre hold retninga mot råsa du skal tilbake til. Her er veldig åpent og oversiktelig, så dette er en finfin tur med god utsikt uti storhavet, mot Giske, Valderøy, Ålesund, Sula, og fjordane inneover. God tur :)

Tilkomst og parkering

Frå Hareid sentrum kjører du mot Brandal, ca 4 km. Kjør hovedvegen gjennom sentrum, opp en liten bakke, og her er det vegskille. Ta då av til venstre oppover langs Ytredalen, og kjør til vegs ende. Her er det parkering til ca 8 biler. Turen starter her.

Fottur
Blå
Lengde
7,97 km rundtur
Stigning
566 m
Tidsbruk
3 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
635 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1
Sti 7
Køyreskildring
Print ut