English

Skogsveg på Sørsylte

Vestnes

Kort om turen

Ein lett og fin familietur på skogsveg med gapahuk der det er fint å legge inn matpause. I skogen rundt gapahuken er det plassert ut fleire motiv frå eventyr måla på skiferheller, små figurar og troll.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går du tilbake eit stykke på vegen du kom. Gå over brua og følg vegen rett fram, etter eit lite stykke kjem du til gapahuken. Rundt den finn du små troll rundt om i skogen. For å kome til turkassa går du vidare opp til høgre. Følg vegen. Turkassa er midt i rundløypa. Løypa tek deg frå turkassa og tilbake til gapahuken. 

Tilkomst og parkering

Frå Vestnes sentrum følgjer du E39, og svingar av mot Tresfjord (RV 5981) og følgjer vegen til Tresfjord sentrum. Du ser no ein bensinstasjon på venstre side av vegen. Sving av første veg til høgre rett ved brua (Sørsylte) og følg vegen rett fram langs elva på høgre side til du kjem øverst i byggefeltet (Sylteråket). På høgre side av vegen vil du sjå ei grind og skilt, her er det nokre parkeringsplassar. Om du køyrer litt vidare til enden av vegen finn du også ein parkeringsplass.
Fottur
Grønn
Lengde
2,61 km rundtur
Stigning
90 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
150 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut