English

Skogsbilvegen på Daugstad

Vestnes

Kort om turen

Turen går langs skogsbilvegen på Daugstad. Vegen er flat, og omlag midtvegs kjem de til ein koseleg gapahuk. Her er posten, men vi anbefalar at de følgjer vegen videre utover. Der vil de få ei fin utsikt som belønning.

Det beitar både sauer og kyr med kalvar i området i sommarhalvåret. Ta omsyn og hald avstand til desse då dei av og til er nede på vegen. Hugs også på at det er utvida bandtvang for hundar i området. 

Ruteskildring

Frå parkeringa går de over ei lita bru. Følg vegen til de finn gapahuken. Fortsett gjerne lenger langs skogsbilvegen.

Tilkomst og parkering

Når de kjem køyrande til Daugstad frå enten Vikebukt eller Tresfjord vil de sjå skilting oppover mot Daugstadsetra. Parkering er rett før bomvegen opp mot setra.
Fottur
Grønn
Lengde
1,27 km en vei
Stigning
1 m
Tidsbruk
40 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
111 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,27
Køyreskildring
Print ut