English

Skjorta - på ski

Molde

Kort om turen

Skjorta, 1711 moh, ligger i Eresfjord og er eit svært populært toppturmål. Fjellet er utsatt for auståvind, derfor ligg nysnøen sjeldan i ro mange dagar.  Vårtur med soltina snø er kanskje det beste for å få jamt gode forhold.

Frå toppen har du ei unik utsikt i alle himmelretningar.

NB: Sporet starter på Grandsetra. Reel stignig er 1600 høgdemeter.

Ruteskildring

Har du fulgt setervegen til Storstølen i Kanndalen, renner du ned til elva og krysser over brua. Herifra slakaste veg opp lia svakt til høgre og Madsvarden, ca 900 moh.

Det er lurt å ikkje gå for høgt oppunder skavlkanten, held sporet langt nedom.

No endrar terrenget  seg til ein stor og brei snøflanke. Følg ryggen i venstre del.

Aller siste del før toppen er i bratt og grov steinur. Ofte lurt å sette att skiene der og gå til fots.

Ofte avblåst og hardt, kan av og til vere nødvendig med stegjarn.

Velgjer du å å gå opp Kvidalen, følgjer du ein skogsveg, over ei bru og vidare opp til Forhaugstølen. Derifra bauter du deg opp skoglia. Vel over denne tek du sikte på Madsvarden og følgjer den vanlege vegen vidare opp venstre del av ryggen.

Ver obs på at på toppen av Skjorta er det store overhengande skavlar.

Ta ein pust, nyt utsikta og bu deg på ei lang men fantastisk nedkøyring.

Tilkomst og parkering

Frå Syltebø i Eresfjord tek du fylkesvegen opp austsida i Eresfjord. Etter ein liten km tek du av opp til venstre på kommunevegen skilta til Grandseter. Følg denne heilt opp til ein parkeringsplass, 1,3 km, rett før Bjørbakkbrua. Du har fleire alternativ for å gå vidare til Skjorta. Det enklaste er å følgje setervegen til Kanndalen. Eller du kan ta vegen opp til høgre etter brua. Begge fører deg til Kanndalen. Det tredje alternativet er ikkje å gå over brua, men rett fram og opp Kvidalen.
Skitur
Rød Topptur
Lengde
7,38 km en vei
Stigning
1466 m
Tidsbruk
5 t. 20 min.
Sesong
Vinter, Vår
Høyeste punkt
1711 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Nei

Kart

M711 1320 II Eresfjord
Køyreskildring
Print ut