English

Skeisnebba

Surnadal

Kort om turen

Dette er ein populær kvardagstur i sentrum av Surnadal, og mange kan la bilen stå og gå til turmålet heimafrå. Ein treng ikkje gå langt oppover vegen før ein finn fine utsiktspunkt. Landskapet er stort sett ope ut mot dalen, og utsikta flott både i lys og mørke, ikkje minst ved turkassen 2,5 km oppi vegen.

Ruteskildring

Frå parkeringa følgjer du Skeisnebbvegen oppover. Det er ca. 3,3 km opp til enden av vegen, så her kan lengda på turen tilpassast form og startpunkt. Frå desember 2022 ligg det to Stikk UT! vinterfotturpostar oppi vegen. Den første finn du på nersida av vegen etter å ha gått ca. 1,2 km. Den øvste ligg 2,5 km frå startpunktet, på øversida av vegen.

Tilkomst og parkering

Frå krysset mellom riksveg 65 og 670 ved Skei køyrer du ca. 2,5 km etter riksveg 670 i retning Kvanne. Her startar Skeisnebbvegen på venstre side av vegen, og her svingar du inn og parkerer. Parker ved lunningsplassen nede ved vegen viss det er muleg. Viss du må parkere lenger opp, er det viktig at du tek omsyn og ikkje hindrar nødvendig trafikk til hytterenovasjonsanlegget eller høgdebassenget. Større køyrety må ha plass til både å koma seg fram og å snu her.

Fottur
Grønn
Lengde
2,45 km en vei
Stigning
187 m
Tidsbruk
1 t. 45 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
307 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 4,91

Offentleg transport

Det går buss forbi startpunktet, men det vil bli vanskeleg å få det til å stemme med bussrutene.
Køyreskildring
Print ut