English

Skeidsnakken og Mosvarden frå Bugarden

Ulstein

Kort om turen

Turen startar på gruslagt tursti som først er slakk, så eit stykke som ha bra stigning. Så flatar den ut og du går til Lisjevatnet. Her finnes rasteplass og gapahuk. Få meter etter gapahuken (tett ved ei hytte) tar du av på rås som er merka mot Mosvarden. Følg rås heile vegen til toppen av Mosvarden. Vakker natur, lav vegetasjon, utan skog og tre.

Ruteskildring

Ulstein har siste åra laga mange turstiar, og dette er en av dei som er aller mest brukt. Mange går her kva dag. Frå parkeringa følger du tursti ca 100 m. Du kjem til eit vatn, og her er det gapahuk og grillplass. Fortsett på høgre sida av vatnet på turstien ca 100 m. Her tar du av mot høgre. Det er merka med Mørdarbakken og "Blodslitet" :) Og det har sin grunn. For ei strekning no, så er det ganske så bratt og det kjennest i låra. Men det er ingen bratte fjellparti her. Etter kvart flatar turstien ut og fortsett vidare litt ned og litt opp. Når du kjem til Lisjevatnet er det fint med en liten pause ved gapahuken. Her er og fleire grillplassar. Rett etter gapahuken er det merka rås til høgre mot Mosvarden. Følg denne råsa opp langs ryggen av fjellet. Du kjem då til Skeidsnakken og går vidare på slakk rås opp til Mosvarden. Ingen skog, berre laga vegetasjon. Det går fint å ta denne turen med joggesko, eller tursko. Om du har fint ver på turen, så legg deg til på bakken og nyt naturen. Vent på solnedgangen og berre nyt å vere til. Solnedgangen er sååå fin på denne turen. God synleg rås heile vegen.

Tilkomst og parkering

Om du er i Ulstein sentrum, kjører du oppover i byggefelt som er merka mot Bugarden. (Sjå avmerking på turkartet) Her er det laga til parkeringsplass for 10-12 bilar. Turen startar her.
Fottur
Blå
Lengde
5,03 km tur/retur
Stigning
501 m
Tidsbruk
2 t. 35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
551 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,2
Sti 1,3
Køyreskildring
Print ut