English

Skarphornet frå Vassbotnen

Volda

Kort om turen

Turen går gjennom flott furuskog, forbi eit lite vatn og så opp til Skarphornet. Flott utsikt frå turmålet og undervegs. Du kan velge mange ulike ruter på returen dersom du vil gå ein rundtur.

Ruteskildring

Gå gjennom grinda ved snuplassen og følg vegen knapt 500 m. Ta av på ein skogsveg til venstre. Her står ei turtavle og fleire skilt, m.a. til Skarphornet. Snart deler skogsvegen seg. Du skal følge den gamle skogsvegen rett fram i knapt 1,5 km,- heilt til du kjem til skilt til Skarphornet. No skal du følge merka sti vidare. Først svak stigning, så brattare til du kjem opp i furuskogen. Her skal du ta av til høgre. Ruta er merka vidare. Like før du kjem opp til eit lite vatn (Vardevatnet), deler stien seg. Her er det skilta. Du skal ta til høgre og følge merkestaur ned mot vatnet. Etter vatnet er det dårleg med sti, men ruta er merka med merkestaur heilt til topps.

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum følg E39 i retning Stryn i om lag 1 km. Ved ei rundkøyring tek du av mot Vikebygda på Vikebygdvegen. Etter om lag 1,5 km: Ta av ned mot Vassbotnen. Følg vegen i 1,5 km til parkeringsplassen ved badeplassen ved Botnasanden

Fottur
Rød
Lengde
4,20 km en vei
Stigning
673 m
Tidsbruk
3 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
693 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,5
Sti 2,7
Ingen sti 1,0

Offentleg transport

Det går fint både å gå og sykle til start. Enklaste er å følge grusvegen langs sørsida av Rotevatnet

Anna

Frå Skarphornet kan du mellom anna gå til Botnasætra og ned att til start, eller du kan ta runda via Hornet og Homborsetsætra og tilbake til start. Og om du vil ha ein langtur, kan du gå frå Homborsetsætra og vidare heilt til Rotsethornet.

Kart

Nærturkart Volda
Køyreskildring
Print ut