English

Skarphornet

Volda

Kort om turen

Skarphornet er eit kjekt turmål. Turen er variert og fin, og frå toppen er det fantastisk fin utsikt i alle retningar.  

Ruteskildring

Start ved parkeringsplassen ved Helgatun/Krøvelseidet. Du skal inn Rotevassdalen mot Rotevassætra, følg skilt ved start. Følg løypa til like før du kjem til Rotevassætra. Her deler sporet seg og du følger skilt til Vadsteindalen. Løypa går slakt oppover til du når ein brattare bakke til du kjem til nye skilt. Her blir det slakare opp til Vadsteinvatnet. Når du kjem opp til vatnet, kan du gå rett over vatnet dersom isen er trygg. Er du usikker på dette, følger du vatnet langs land enten på vest- eller austsida. Gå vidare sørover og sving svakt mot høgre til du kjem til Vadsteinsætra. Frå Vadsteinsætra skal du opp ein litt bratt rygg som går i nordleg retning. Av og til er ryggen avblåst, så då kan det vere best å ta av skia og bere dei. Første varden du kjem til er Skarphornet. Gi deg tid til å nyte utsikta! Frå Skarphornet går du vidare nordover oppe på heida i litt kupert terreng. Du kjem til neste varde, Vardeheida, og så til endå ein varde. Frå den siste varden er det ein fin side som du kan svinge deg fint ned om du har ski til det. Viss ikkje kryssar du deg fint ned. Ta så til høgre/austover ned gjennom skogen. Sikt deg inn på ei bru som du skal over for å kome inn att på løypa som du gjekk tidlegare på turen. Følge denne tilbake til start.

Du kan også velge å gå turen via Rotevassætra. Då kryssar du deg berre derifrå og over til løypa til Vadsteindalen. Av og til er det trakka med trakkemaskin her.

 

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum til Krøvelseidet er det omlag 6 km. Køyr på E39 - retning mot Stryn. I ei rundkøyring ved høgskulen køyrer du rett fram mot Vikebygda. Følg hovudvegen (Vikebygdvegen) forbi avkøyring til skisenter. Snart kjem du til ein parkeringsplass på høgre side av vegen. Turen startar her, så her kan du parkere. På motsatt side av vegen startar løypa til Melshornet.

Skitur
Rød Fjell
Lengde
12,22 km tur/retur
Stigning
521 m
Tidsbruk
3 t.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
693 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Preparert med tråkkemaskin 7

Offentleg transport

Nei

Anna

Det kan vere litt avblåst/fokka delar av turen, særleg oppe på heida. Det vert trakka med trakkemaskin inn Rotevassdalen når det er nok snø. Turen er fin å gå både med turlangrennski, fjellski og telemark/randonee.

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut