English

Skaret, Hellesylt

Stranda

Kort om turen

Fin tur på traktorveg til Toskedalssætra og vidare på sti gennom flott lauvskog til Skaret. Fantastisk utsyn over Sunnylvsfjorden.

Ruteskildring

Stien går frå parkeringplass ved Karbøbrua etter traktorveg på nordsida av Toskedalselva til Toskedalsætra. Denne strekninga er ca. 1,5 km. I Toskedalen ligg sætra til gardane Langeland og Karbø. Desse ligg på ca. 500 meter over havet.

Vidare frå sætra går stien nordover til Skaret.  Følg skilting til Skaret og Steimsnibba. Det er lite stigning her og du går i flott lauvskog.

På skaret (665 moh.) har du flott utsyn over Sunnylvsfjorden. Sunnylven IL har trimpost som gir 8 poeng.

Hugs at estimert tidsbruk kan variere frå person til person. 

Tilkomst og parkering

Frå Hellesylt køyrer du omlag 3 km i retning Stryn (RV60). Ta av til Karbø, første gard på venstre side av vegen, og parker like etter brua. Turen startar på skogsvegen like ved der du parkerer.

Fottur
Blå
Lengde
3,26 km en vei
Stigning
478 m
Tidsbruk
2 t. 55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
681 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ukjent

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut