English

Skaphornet i Austefjorden

Volda

Kort om turen

Skaphornet er ein litt uvanleg topp å besøke. Fjellet ligg inst i Austefjorden og er godt synleg når du køyrer Kvivsvegen mot Hornindal. Turen går både på veg, sti og i terreng utan sti. Undervegs passerer du Haralddalssætra som ligg fint til ved eit lite vatn. Fin utsikt frå toppen!

Ruteskildring

Start innst i Sunndalen ved Høybakk. Følg skogsveg. Midtvegs har vegen asfaltdekke. Etter at du igjen kjem inn på grus, deler vegen seg. Du er då på om lag 300 høgdemeter (N62° 02.288' E6° 19.708'). Du skal ta vegen som går til venstre, følg skilting mot Haralddalen. Følg vegen til endes og ta så stien opp til Haralddalssætra. Den går på høgre side av elva og er merka med raude merkepinnar i trea. Haralddalssætra ligg fint til ved eit lite vatn.

Frå Haralddalssætra: Kryss elva og følg smal, raudemerka sti til skiltet i Busseskaret på om lag 600 m.o.h. Det er ei bratt kneik like før du kjem hit. Frå Busseskaret er det ikkje sti, så då må du finne beste ruta til topps sjølv. Det er ikkje vanskeleg å finne vegen, men det er nokre korte, bratte kneiker som du må forsere.

Tilkomst og parkering

Frå Volda køyrer du E39 mot Stryn. Etter Fyrdsbergtunnelen tek du av på RV 651 mot Straumshamn. Køyr forbi padda og følg skilting vidare mot Straumshamn ved ei bru. Om lag 200 m etter brua ser du skilt til Sunndalen. Følg Sunndalsvegen til du kjem til Høybakk innst i Sunndalen.

Parkering ved vegen som går opp frå Høybakk innst i Sunndalen.

Fottur
Rød
Lengde
4,36 km en vei
Stigning
790 m
Tidsbruk
4 t
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
851 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,8
Grus 2
Sti 4,3
Ingen sti 1,6

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut