English

Skagetåa, Lemevatnet, Rjåhornet, Storevarden,Teigetua

Herøy

Kort om turen

Turen startar i bratt terreng første 200 meterane.
Etter dette er turen uten bratte parti. Rundtur som er superfin, men krev gode sko og fjellvett. Litt lauvskog i starten, men stort sett heile turen er i åpent landskap med lav barvekst. Vi er ute i havgapet, så husk å kle deg etter forholda. 

Ruteskildring

Litt bratt oppstigning, men flott utsikt på veg oppover. Etter 200 høgdemeter tek du av mot venstre og går ut på første toppen som er Skagetåa. Her finn du flott skilt/bilde over fjell og fjord rundt deg, og ser rett ut i storhavet og Skorpa. Gå tilbake til Lemevatnet. Følg skilta rås til venstre mot Rjåhornet. På toppen har du flott utsikt mot Skorpa, Svinøya og innover mot Sunnmørsalpane. Følg rås vidar mot Storevarden og Teigetua. Her har du fin utsikt mot Mulevika, Muletua og Kvalsvika. Frå Teigetua er det grusveg ned til bygda igjen. Så følger du asfaltert veg i ca 3 km tilbake til bilen. Flott rundtur. Denne turen har ei bratt stigning frå start og opp til Lemevatnet. Denne strekninga kan vere krevande ved våte forhold. Ellers har turen ingen vanskelige pasasjer.

Tilkomst og parkering

Kjør fra Fosnavåg sentrum i Herøy, mot Nerlandsøy. Når du kjem over Nerlandsbrua og kjører på hovedveg, tar du av ved kryss mot skilta veg til Kopparstad 2,5 km. Kjør til veg ende. Her er det parkeringsplass til ca 5-6 bilar. Turen startar her ved skilta rås.
Fottur
Rød
Lengde
12 km en vei
Stigning
627 m
Tidsbruk
3 t. 45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
420 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 3
Grus 1
Sti 8
Køyreskildring
Print ut