English

Skafjellet - skitur

Hareid

Kort om turen

Fin skitur på Hareidlandet med flott utsikt. 

Ruteskildring

Gå opp vegen til Hareidsvegen 533 og 535. Det er skilta til Brørene/Holstadhornet m.m. ved gangvegen. Bak Hareidsvegen 533 startar ein skogsveg. Ruta følger denne skogsveg gjennom skogen. Når du kjem ut av skogen, siktar du deg opp mot Risesætra. Frå Risesætra skråar du mot høgre/austover mot Akslinakken og Grøthornet (skilta). Frå Grøthornet ser du ruta vidare mot Skafjellet. Det er skilta før siste bakken mot toppen. Du finn sjølv ruta ned att, enten du vil krysse deg ned eller lage fine svingar.

Du kan bruke både fjell-, telemark- eller randoneeski på denne turen. Om du heller vi gå på truger, er det også fint

Tilkomst og parkering

Frå Hareid sentrum: Følg FV61 ca. 5 km mot Ulsteinvik til Ned-Rise. Sjå etter skilt til Brørene/Holstadhornet m.m. og Parkering ved gangvegen.

Frå Ulsteinvik: Køyr mot Hareid. Turstart ca. 1,5 km etter kommunegrensa på Hareidseidet

Skitur
Blå Løype
Lengde
3,94 km en vei
Stigning
524 m
Tidsbruk
2 t. 25 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
569 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Buss til Hareid eller Ulsteinvik: frammr.no eller entur.no

Anna

Du kan også starte turen frå Bigset. Ta av frå FV61 ved Bigset barnehage. Følg Skogvegen og så Oreteigen til endes. Her kan du parkere (betal gjerne frivillig støtte til parkering - Vipps). Følg skogsvegane oppover til du kjem ut av skogen, og finn så di eiga rute til topps.

Om du vil gå lenger enn til Skafjellet, er det fint å gå vidare til Mosvarden og Brørene, eller til Holstadhornet. Valget er ditt!

Kart

norgeskart.no

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut