English

Skårasetra

Ørsta

Kort om turen

Skår er ei veglaus eventyrbygd på vestsida av Hjørundfjorden. Få har vore på Skårasetra, så dette er verkeleg ein eksotisk stad! Du følgjer fint tilrettelagt veg, kjerreveg og rås heilt til setra som ligg fint til på 500 høgdemeter med fantastisk utsikt over Hjørundfjorden og fjella bak.

Ruteskildring

Parkering er ved ferjekaia anten på Sæbø, Standal eller Lekneset. Du treng ikkje ta med bil til Skår.
Følg grusvegen frå ferjeleiet på Skår oppover til øvste garden. Ved dette tunet, SkåraBakkane, svingar du til høgre og følger jordbruksvegen 600 meter oppover til utmarksgjerdet. Derfrå går du rett oppover, gangråsa er godt synleg, og det er berre å følge denne i svingar oppover, til ein møter svaberga på ca 350 m høgde, som går på skrå, oppover mot vest, der ein ser ei stong på toppen av råsa. Dette er ei grov jernstang, ca 1,5 m høg, nedbora i berget, og som er godt synleg og som du siktar mot. Litt oppom den ligg "krusa", ei lita jettegryte i berget, med ein liten stein i som er i grova du går over. Denne kan du stikke handa nedi, og kjenne på. Vidare oppover er råsa godt synleg over høgda, og ein ser setra og sela.

Skårasetra ligg ytterst på stølsflata på 500 høgdemeter med flott utsikt over fjorden og fjella på andre sida. Stikk Ut posten heng på ei av hyttene. Gå gjerne bortom Skåravatnet som ligg eit par hundre meter frå setra, før retur same veg som du kom opp.

Tilkomst og parkering

Ferja til Skår går på signal, det vil seie at du må gi beskjed til ferja minst 1 time før avgang at du skal ta den. Sjå tider i ferjerute 1136: Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store_Kalvøy: https://frammr.no/assets/files/1136-Standal-Trandal-Saebo-Skar-Valderoya-Store-Kalvoy-2022.11.07-2023.05.31.pdf Fylkeskommunen har stadfesta at i juni, juli og august så er det dei same rutetidene, og at ferja til Skår går på signal. Du går frå ferjeleiet på Skår, så bilen kan du sette att ved ferjeleiet på Sæbø, Standal eller Lekneset (om du kjem frå indre). Evt. skyssbåt kan tingast frå Christan Gjestegard på Trandal (Daniel Storeide).

Fottur
Blå
Lengde
3 km en vei
Stigning
499 m
Tidsbruk
3t
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
500 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2

Offentleg transport

Ja, buss til Sæbø. Vidare ferje på signal sjå info over om adkomst og parkering. https://frammr.no/assets/files/1136-Standal-Trandal-Saebo-Skar-Valderoya-Store-Kalvoy-2022.11.07-2023.05.31.pdf

Anna

Det øvste tunet på Skår, Skarabakkane, har koseleg serveringsstad i den tidlegare løa, og du kan få kjøpe mat og drikke i helgane og når det er folk heime. Ein fin stad å vente på skyssbåten!

Køyreskildring
Print ut