English

Sjutoppstur på Sandsøya

Sande

Kort om turen

Ein fantastisk flott tur ytst i havgapet!  På denne ruta har vi også tatt med Dollsteinen som ikkje er ein del av Sjutoppsturen. Det er verdt å ta turen opp dit. Beregn god tid på turen for det er mykje flott å sjå. Stadig nye "maleri" dukkar opp undervegs.

Ruteskildring

Denne ruta går motsatt veg av Sjutoppsturen som blir arrangert kvar påske. Då kan du stoppe etter fem toppar om du synest det er langt nok. Det er god sti og merking på heile ruta.

Start i krysset Nøresande/Sandshamna. Gå vestover og ta av opp Sandsbakken opp til ei løde der det er skilta til Grøntua. Følg merka sti opp til Grøntua og nyt utsikta her før du går vidare til neste topp, Hornet. Frå Hornet svingar stien seg litt bratt ned til Våge. Du skal følge vegen eit lite stykke vestover før du tek av på sti over Hellandsfjella. Stien startar der vegen gjer ein svak sving mot venstre. Frå Hellandsfjellet er det igjen litt bratt nedstigning. Du kjem ned til fjøra lengst vest på øya. Her er det fint å ta ein rast. I dette området finn du eit gamalt ishus som no har blitt kapell. Frå fjøra skal du opp ein bratt bakke, den brattaste på turen. Her er det nokre tau å halde seg i. Når du kjem opp denne bakken, kan du velge å ta ein avstikkar opp på Dollsteinen. Dollsteinen er toppen som stikk opp ytst på øya. Tydelig, litt bratt sti opp, men det er vel verdt å ta turen for utsikta er fantastisk!

Følg merka sti vidare mot aust til Signalen, ein litt lang motbakke. Vidare med flott utsyn til Rinden som er den siste av dei fem første toppane. Ned herifrå til du er nede på vegen kan du nyte fantastisk utsikt mot m.a. Voksa, Kvamsøya, Riste og småholmane i området.

Når du kjem ned på vegen, skal du følge Haugevegen og Fløda i retning dei to siste småtoppane Kulen og Kletten. Du vel sjølv kva for ein du tek først. Det er godt merka også her. No har du tatt heile runda og kan gå tilbake til der du har parkert bil/sykkel.

Tilkomst og parkering

Frå Larsnes tek du ferge til Voksa. Du kan enten ta med deg bil eller sykkel over. Det er ca 6 km frå fergekaia på Voksa til Sandshamn. Fergene går ikkje veldig ofte så det er lurt å planlegge avreise og retur godt. Sjekk frammr.no. Er de fleire som skal på tur, kan de vurdere å leige skyss med Sande Båtutleige AS. På Sandshamn finn du fleire plassar å sette frå deg bilen. M.a. er det parkering ved butikken og det er også parkering ved eit forsamlingshus
Fottur
Rød
Lengde
16,07 km rundtur
Stigning
1137 m
Tidsbruk
6 t. 55 min.
Høyeste punkt
367 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 1,57
Sti 14,5

Anna

På Sandsøya finn du den berømte Dollsteinhola: https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Dollsteinhola-rute-1

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut