English

Sjøholtsetra

Ålesund

Kort om turen

Familievenleg, kort tur til ei seter ved foten av Lebergsfjellet. Første del av turen på grusveg som etter kvart går over i ein skogsveg gjennom fint skogsterreng. 

Ruteskildring

Denne turen er skildra frå Brauta i Solnørdalen. Du startar først i ein slakk nedoverbakke, for så å halde fram i ein litt tung motbakke. Mot aust har du fjellpartiet som heiter Knippingen, 406 moh. Når du kjem til eit vegkryss, skal du gå rett fram i krysset til Sjøholtsætra. Det er bord og benkar langs vegen. Frå Sjøholt setra har du utsikt mot Håhjem, Meraftafjellet og Vasstrandfjellet.

Tilkomst og parkering

Frå Sjøholt sentrum følgjer du skilta veg til Solnørdalen ved Ørskog Kulturhus. Du køyrer så knapt 3 km til du kjem til ein stor u-sving mot venstre. Då er du på Brauta. Du skal parkere her.
Fottur
Grønn
Lengde
1,38 km en vei
Stigning
105 m
Tidsbruk
50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
232 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 1,4
Sti 1,4

Offentleg transport

Nei

Anna

På Sjøholtsetra var det 8 sel, nokre av dei med fjøs under.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut