English

Sjøasetervatnet

Surnadal

Kort om turen

Turen opp til Sjøasetervatnet går først etter ein bratt skogsveg oppover lia. Herifrå er det ope og fritt med stadig nye, fine utsiktspunkt.  Frå enden av vegen er det flatare innover mot vatnet. Her byr naturen på mange fine rastepassar, men det finst også fleire gapahukar og benkar som turgåarane kan bruke.

Ruteskildring

Gå oppetter langs skogsvegen. Vegen er bratt, men med jamne mellomrom finn du benkar å kvile på, viss det skulle vera behov for det. Det er også skilt med stadnamn langs ruta. Gå til du er nesten framme ved snuplassen på enden av vegen. Ved kulen der vegen svingar ned mot snuplassen, tek du inn på merka sti rett fram. Herifrå er det flatare terreng innover mot vatnet. Du finn frå våren 2023 ein trimpost ved den rosa benken når du kjem ned til vatnet.

Tilkomst og parkering

Køyr gjennom Surnadalsøra og vidare utover forbi Ørakaia (Surna kai). Køyr 4-500 meter etter at du har passert kaia. Der er vegen opp til Sjøasetervatnet skilta på øversida av vegen. Her tek du av og parkerer ved grustaket på høgre side, knappe 100 meter oppi bakken. Viss det ikkje er plass her, går det også an å parkere ved bommen litt lenger opp.

Fottur
Blå
Lengde
3,27 km en vei
Stigning
469 m
Tidsbruk
2 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
493 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 4
Sti 2

Offentleg transport

Her må du bruke bil.

Anna

Du kan ta ein kort avstikkar til Strandasetra på denne turen. Her finn du gamle seterbygningar og ein fantastisk utsikt.

Kart

Ikkje nødvendig med kart.

Betalingsmiddel for bomvei

Skilta parkering er før bommen.
Køyreskildring
Print ut