English

Silhuset i Brattvåg

Haram

Kort om turen

Silhuset tilhøyrer Brattvåg vassverk og ein ser godt den raude bygningen oppe i fjellsida mot Hestevatnet og Ryssdalsheia. Turen til Silhuset er ein relativt kort tur som går i jamn stigning nokre hundre meter etter hovudbygningen til vassverket. Det er grusveg heilt fram og det går folk forbi til alle døgnets tider gjennom heile året. Ved Silhuset er det rastebord med benkar. Når det er snø blir vegen som regel brøyta. 

Ruteskildring

Start med å gå over demninga ved Synnalandsvatnet. Følg grusvegen opp forbi ei raud bu, og ta til høgre (skilt til Hestevatnet, Hesten, Synnalandshornet). Etter nokre meter tek du av til venstre opp mot hovudbygningen til Brattvåg Vassverk. Forbi vassverket følgjer du grusvegen (t.h) mot nord. Når denne vegen gjer ein 180 graders sving følgjer du grusvegen (og ikkje rett fram mot Synnalandshornet der vegen går over i skogsveg/rås). Etter nokre hundre meter treff du på den raude trebygningen som er Silhuset.

Du kan enten gå same vegen nedatt, eller ein litt brattare rås rett ned gjennom skogen.

Tilkomst og parkering

Du startar på parkeringsplassen ved Synnalandsvatnet. For å komme deg dit køyrer du forbi idrettsanlegget og Brattvåghallen. Her tek du til høgre i første krysset og følgjer vegen 200 meter før du kjem til ein stor parkeringsplass på høgre side. 

Fottur
Grønn
Lengde
0,73 km en vei
Stigning
78 m
Tidsbruk
35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Lysløype
Deler av turen
Høyeste punkt
160 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 100
Grus 630
Køyreskildring

API endepunkt

Turdata GeoJSON